TERAPIHUSET, SOGNEFJORDVEGEN 50, LEIKANGER

Bur eller arbeider du i Leikanger, ønskjer eg deg velkomen til ALMeRso Soneterapi.

Velkommen til alternativ behandling!

FOTSONETERAPI

ØYRAKUPUNKTUR

MANUELL LYMFEDRENASJE 

ØYRELYSBEHANDLING

 

 

 

I år er det 30 år sidan Verdensdagen for psykisk helse - 10. oktober - ble oppretta som ein internasjonal FN-dag for å fremme bevissthet om psykisk helse over heile verden. I Norge er Verdensdagen ein nasjonal befolkningskampanje om psykisk folkehelse, og blir markert av kommunar, skuler, arbeidsplassar, organisasjonar og enkeltpersonar frå heile landet.
 
Denne markeringa har eg også lyst å bli med på med å gje 40 % på alle behandlingar denne dagen. Rabatten blir trukket frå ved betaling etter behandlinga.
 
Gå til online booking og bestill soneterapi/øyreakupunktur og du vil få ei behandling med fokus på masse avspenning.
 
#løftblikket

Spenningar i kroppen?

ofte uroleg for noko?
orker ikkje like mykje som før?
trasige stunder?
dårleg samvittighet?
 
På tide å gjera som stadig flere andre gjer og prøve alternativ behandling? 
 
Mange av dei som kjem til meg seier etter nokre behandlingar at dei opplever å få meir energi, kjenner seg meir i balanse og har finare dagar. Fin og smertefri behandling!
 
Du kan sende ei melding eller ringe meg på mobil 909 87 849 om du har sprøsmål.
 

Er du ofte sjuk i eit fast mønster?

Eller tar det lang tid før du blir kvitt infeksjonar? Kva med feber, sår hals, hoste, rennande nase og auge, hovudverk, frysningar, kroppsverk, og alltid trøyt? Eller til og med diaré og oppkast?

Dette er alle vanlege symptom på nedsatt immunforsvar.  Immunforsvaret er kroppen sitt system for å beskytte mot sjukdom. Me har lett for å ta immunforsvaret vårt som ein sjølvfølge, men det er viktig å ta vare på denne forsvarsmekanismen  - ikkje berre i spesielle periodar, men året rundt!

Har du lyst til å prøve soneterapi eller manuell lymfedrenasje?

Du kan bestille time her: http://terapeutalmerso.bestille.no

Du kan også kontakt med meg på telefon 909 87 849 om du har spørsmål.

Gleder meg til å høyre frå deg!

Eller kjenner du på ein tung kropp som ikkje fungerer heilt optimalt? Med litt ulike skavankar der det er vanskeleg å setje fingen på akkurat kva det er?

Eller kanskje du berre har bebov for ein time til litt avslapping? Litt tid for deg sjølv rett og slett. 

Då kan det hende at soneterapi er noko for deg.

Du er hjarteleg velkommen til ei behandling hjå meg!

DEI FEM ELEMENTA: TRE - ILD – JORD – METALL – VANN

5-elementsterorien er noko av det mest elementære innan kinesisk medisin.

TRE-elementet er aktivt om våren og representerer barndommen. Energien i dette elementet er som en løvetann som presse seg gjennom asfalten.

Med BALANSE i treelementet har du sunn vilje og er målretta. Er sikker på dine val, har sterk personlighet og uavhengig på ein positiv og avslappa måte. Du er ein leiartype og ofte involvert i konkurransesport og idrett.

Er du i ubalanse har du derimot liten sjølvtillit og tviler ofte på deg sjølv. Du er usikker på eigen identitet. Du kan også ha problem med grensesetjing og er sjenert, utålmodig, rastlaus, irritabel, utolerant og egoistisk, dominerande, sint, voldeleg, frustrert og lett deprimert.

ILD-elementet er aktivt om sommaren og representerer ungdomstida med kjærlighet, hengivelse og glede <3. Ilden er symbolet på optimisme, spontanitet, skaparglede og idealisme.

Ved BALANSE i ildelementet erfarer du kjærlighet til deg sjølv og evner også å gje den vidare til andre. Du har fred med seg sjølv og kan balansere skaparverk og spontanitet med visdom og grubling.

Dersom elementet blir svekka, kan det gjera til at du derimot blir alvorleg og melankolsk. At du lett mister interesse for livet og sosialisering med andre og kan ofte føler deg einsam og forlatt.  Du er rastlaus, hyperaktiv og overentusiastisk, kan snakka på samanhengande inn- og utpust og er sosialt overaktiv. Det er vanskeleg å tillate kjærlighet i frykt for å miste eller å blir avvist. Typen som brenner sitt lys i begge endar.

JORD-elementet er aktivt om seinsommaren og tidleg haust og elles i overgangane mellom alle årstidene og det representerer tidleg vaksenalder.  Jorden representerer det solide, det fruktbare. Det er ei tid for å så og ei tid for å hauste. Uttrykket å vera ”jorda” seier me når ein person er fornuftig, praktisk og trygg.

Har du BALANSE  i elementet har du eit roleg, logisk sinn som harmonisk kan omsette idear ut i handlingar og til praktiske formål. Du er stabil, jovial og sympatisk og med stort omsorgsgen for andre.

Dette er eit viktig element med omsyn til innlæring, studie og hukommelse.

METALL-elementet er aktivt seint om hausten. Det representerer moden alder, gjerne når barna flytter ut.  Elementet representerer den kontinuerlige og rytmiske bevegelsen i det å trekk inn energi, og sende det med blodet ut til alle celler der det trengs. Karbondioksid blir så sendt med blodet tilbake til lungene og skilt ut der. Me ”tar opp” og ”gir slipp”.

BALANSE i elementet gjer at du kjenner at du er moden i eit forhold. Du kan skapa band med andre utan å kjenne på frykt for å miste eller redsel for å bli avvist. Du har styrke og mot til å gje slepp og gå vidare når det er behov for det. Du er eit medmenneske for andre med sorg og plager.

Er det ubalanse vil det vera vanskeleg å gje slepp på eventuell sorg. Du vil ha stort behov for å vise andre at du har det vondt. Du sukker høgt og liker å snakka om problema og sorgen du har. Du kan også vera bitter og gje andre skulda for dine problem. Det kan vera vanskeleg å danna nye band pga tidlegare avvisningar og tap.

VANN-elementet er aktivt om vinteren og representerer alderdommen. I denne fasen blir vilje og indre styrke utvikla og gir ryggrad!

BALANSE i elementet gir at du har god vilje med omtanke både for andre og deg sjølv. Du blir ikkje motlaus av hindringar eller farar, men har ein sunn form for frykt. Det vil seie at du forstår å passa deg for farar og ikkje blir dumdristig.

Mangler du energi, har angst, gir fort opp og overlater kontrollen til andre kan det tyde på at du har ubalanse i elementet. Du kjenne på at det er mange oppoverbakkar og lite tid i flytsone. Du har lett for å skulde på andre, spesielt foreldre, når ting går skeis. Du kan virke overambisiøs og ofte ikkje ta særskilt omsyn til andre.

DEI FEM ELEMENTA vert også kalla dei fem bevegelsane eller fasane. Dette gjer kanskje ei betre forståing på at dei ikkje representere kvalitetar kvar for seg, men er eit stadium i alle prosesser i det som lever.

I tradisjonell kinesisk medisin defineres meridianene som kanalar som blir til eitt nettverk i heile kroppen. Vi tenker oss at blod og energi følgjer kvarandre. Det betyr at når det fins område i kroppen der energien av ein eller anna grunn ikkje flyt fritt, vil gjennomstrøyming av blodet også bli satt ned. Motsatt kan vi seie at når blodet flyter fritt, vil energien også flyte fritt.

Vi har 12 par meridinaer, eller energibanar, som flyter gjennom kroppen. Ein meridianbane går delvis inderst i kroppen og delvis nær overflata. Den bind saman organa, og den bind saman det indre med det ytre. Tilslutt er alle meridinaene bundet saman med kvarandre slik at dei danne eit kretsløp der dei kan opprettholde og pleie kvarandre. Dette kan vi sjå for oss som energien som renner som vatn i ei elv.

På same måte som vi finn ulike soner som reflekterer dei ulike organ og msusklane, vil også meridianene spegle seg på føtene.