Sidan 1960-talet har soneterapi vore praktisert i Noreg og er i dag ei av dei vanlegaste former for komplementær/alternativ behandlingsform.

Soneterapi blir forklart med at føtene speilar heile kroppen. Ved hjelp av stimulering, trykk og massasje, på dei ulike sonene, kan ein påverka relevante kroppsdelar. Metoden kan lindre både ved kroniske og akutte plager, og også førebyggande.

Akkurat som at soneterapi blir forklart med at føtene spegle heile kroppen, kan det same seiast om øyre. Øyret kan nemleg sjå ut som eit barn i fosterstilling.

Og på same måte som ein ved å massere ulike soner under føtene påverkar relevante indre organ, baserer øyreakupunktur seg på reflekspunkt som korresponderer med dei ulike organa. Til dette kan ein bruke eingongsnåler, permanåler eller frø.

Soneterpi er ei mild behandlingsform som passar til alle i alle aldrar, også spedbarn. Soneterapi  kan hjelpe med å styrka bl.a. musklar, organ, lymfer, kretsløp, immunforsvar, fordøying og kan hjelpe med å redusere stress, uro, søvnproblem m.m.

Øyreakupunktur er ein fin metode i behandling saman med andre behandlingsformer. I behandlingane hos meg blir øyreakupunktur brukt saman med fotsoneterapi. Det betyr at du har nåler i øyrene samtidig med at du får fotsoneterapi.

I tillegg kan du få øyrelysbehandling hjå meg. Dette er er ei behandlingsform for unge og eldre, deriblant dei som brukar høyreapparat. Mange brukar øyrelys ved overflødig øyrevoks, pipande og susande lydar, trykkproblem, føle dott i øyret og med nedsatt høyrsel, kløe og ubehag i øyregang eller tette bihuler.

Så, kjenner du på noko av dette, vil eg gjerne prøve å hjelpe deg. 

Velkommen innom Terapihuset i Leikanger i Sogn. 

Time bestille du her: http://terapeutalmerso.bestille.no

 

 

Det blir ikkje samla inn informasjon om dei som besøker dette nettstedet.

  • Soneterapi

    Fotsoneterapi er ei behandling som påverkar heile kroppen via reflekssoner på føtene.
    Det er reflekssoner for kroppens indre organ, muskler, det hormonelle system, nerver og lymfer.

  • Øyreakupunktur

    Øyreakupunktur er ei behandlingsform der vi set nåler i øyrebrusken i eit visst system for å påverke den menneskelege organisme. Øyreakupunktur representerer ei spesiell form for akupunktur og er ofte brukt som ei tilleggsbehandling til akupunktur eller soneterapi.

  • Øyrelysbehandling

    Er ei ny behnadling frå gamle tradisjonar. Behandlingsforma går ut på at ei kjegle vert ført behageleg inn i øyregongane. Behandlingen er effektiv og er ein av mange former for alternativ behandling.